Illustrasjonsfoto: unsplash.com

Vil styrke medisinutdanninga på Vestlandet

Vestland fylkesting vil samle og styrke medisinutdanninga ved Universitetet i Bergen, framfor å starte opp eit eige medisinsk fakultet ved Universitetet i Stavanger.

Publisert 19.12.2019 av redaksjonen

Det var gruppeleiar Anne Gine Hestetun i Arbeidarpartiet som fremja forslaget til uttale, som ho fekk med seg heile fylkestinget på. Uttalen blir sendt til Kunnskapsdepartementet og dei to statsrådane der og til stortingspolitikarane frå Vestland.

– For å kunne dekke landet sitt legebehov er det trong for 440 nye studieplassar på medisin i Norge. Vestland fylkesting meiner det er avgjerande at fordelinga av desse nye studieplassane sikrar ei robust og slagkraftig medisinutdanning, og at vi samstundes sikrar at vi har nok legar i vårt geografiske område, heiter det i uttalen, som fylkestinget vedtok under møtet i Sogndal 17. og 18. desember.

Vestlandslegen

Fylkestingsrepresentantane er vidare opptekne av visjonen Universitetet i Bergen har om å utdanne «Vestlandslegen» – legar og for Vestlandet, som eit kompetanseløft i heile landsdelen. Planen til universitetet skal i tillegg til å tene studentane

  • tilføre helsetenestene i Helse Vest akademisk kompetanse
  • styrke kvaliteten og konkurransekrafta i forskingsmiljø
  • betre samarbeidet mellom helseføretaka
  • betre rekruttering i regionen

Oppdeling får uheldige konsekvensar

For å få til dette, meiner Vestland fylkesting at det ikkje bør bli eit eige medisinsk fakultet i Stavanger, men at ein heller bør byggje opp under tilbodet som alt er utvikla ved Universitetet i Bergen.

– Ei oppdeling av medisinutdanninga på Vestlandet vil få mange uheldige konsekvensar. Det vil både vere svært kostnadskrevjande, det gjer dårleg utnytting av eksisterande fagleg og administrativ infrastruktur og det vil føre til mindre konkurransekraft om norske og internasjonale forskningsmidlar, meiner fylkestinget.

Les heile uttalen

Styrk medisinutdanninga på Vestlandet – behald utdanninga ved Universitet i Bergen

Grimstadutvalget leverte i september 2019 sin innstilling «Studieplasser i medisin i Norge – Behov, modeller og muligheter» til Kunnskapsdepartementet. 

 For å kunne dekke landet sitt legebehov er det trong for 440 nye studieplassar på medisin i Norge. Vestland fylkesting meiner det er avgjerande at fordelinga av desse nye studieplassane sikrar ei robust og slagkraftig medisinutdanning, og at vi samstundes sikrar at vi har nok legar i vårt geografiske område. Universitetet i Bergen har utvikla ein visjon om å utdanne «Vestlandslegen»; legar på Vestlandet, for Vestlandet, som eit pedagogisk kompetanseløft i heile landsdelen. Planen skal ikkje berre tene studentane, men óg tilføre helsetenestene i Helse Vest akademisk kompetanse, styrke kvaliteten og konkurransekrafta i forskingsmiljøa, betre samarbeidet mellom helseføretaka og betre rekrutteringa i regionen. For å nå desse måla meiner Vestland fylkesting at det ikkje bør startes eit eiget medisinsk fakultet i Stavanger, men heller bygga oppunder det tilbodet som allereie er utvikla ved Universitet i Bergen.

Vestland fylkesting støtter således opp om utvalgets medlemmer Grimstad, Hunskår og Straume som anbefaler «at det i den foreslåtte opptrappingen av studieplasser ikke gis gradsrettigheter for profesjonsstudiet i medisin til flere universiteter enn dagens fire.»

 Ei oppdeling av medisinutdanninga på Vestlandet vil få mange uheldige konsekvensar. Det vil både vere svært kostnadskrevjande, det gjer dårleg utnytting av eksisterande fagleg og administrativ infrastruktur og det vil føre til mindre konkurransekraft om norske og internasjonale forskningsmidlar. Ein fordel med ei samla utdanning er at utdanningsinstitusjonen kan sjå heile landsdelen under eitt, og sikra at heile Vestlandet vert tatt i bruk når studentane skal ut i praksis, slik UIB allereie gjer ved sjukehusa i Bergen, Førde, Haugesund og Stavanger. Dette gjev rekruttering av legar på heile Vestlandet.