Illustrasjonsfoto.

Vil ha ansvaret for bestemme inntaksordning sjølv

Vestland fylkesting har i ei høyringsfråsegn vedteke at dei ønskjer det framleis skal vere fylkeskommunen sjølv som vedtek inntaksordning for vidaregåande opplæring.

Publisert 18.12.2019 av redaksjonen

Høyringsfråsegna er svar på ei høyring frå Utdanningsdirektoratet om forslag til innføring av fritt skuleval.

Fleirtalet i fylkestinget vil ikkje at direktoratet skal overta ansvaret for å bestemme inntaksordning. Dei vil at fylkeskommunen, som ansvarleg for vidaregåande opplæring, bør få bestemme kva inntaksordning kvart enkelt fylke skal ha. Det vedtok fleirtalet i fylkestinget under møtet i Sogndal 18. desember 2019.

Representantane frå Høgre, FrP og Pensjonistpartiet støtta derimot at direktoratet overtek dette ansvaret og dermed tilrådinga frå fylkesrådmannen. Tilrådinga gjekk for alternativ 1 i høyringsforslaget frå direktoratet: fritt skuleval i heile fylket eller fritt skuleval innanfor fastsette inntaksområde i fylket. Alternativ 2 var også innføring av fritt skuleval, men at det berre kan fastsetjast inntaksområde om det kan grunngjevast i store avstandar og trafikale forhold.

Denne høyringsfråsegna vart vedteken mot stemmene til Høgre, FrP og Pensjonistpartiet:

  1. Vestland fylkesting støttar ikkje framlegget til endringar i forskrift til opplæringslova kapittel 6. Fylkeskommunen har ansvaret for vidaregåande opplæring og meiner difor at det framleis skal vere fylkeskommunen sjølv vedtek inntaksordning for vidaregåande opplæring. Framlegget frå departementet er eit direkte inngrep i det lokale og regionale sjølvstyret og går på tvers regionreforma om å desentralisere makt og mynde til fylkeskommunen. Uavhengig av kor ein står i spørsmål om inntaksordningar til dei vidaregåande skulane er det likevel eit klårt ynskje om at fylkeskommunen sjølv skal styre dette utan ytterlegare detaljstyring frå nasjonale styresmakter.
  2. Vestland fylkeskommune meiner at alle elevar skal ha rett til å gå på ein skule nær der dei bur, samstundes som ein også kan søkje på andre skular dersom ein ønskjer det. Vestland fylkeskommune har starta å vurdere ulike inntaksmodellar og har difor sendt sak om dette på høyring. Målet med vurderinga og høyringa er å gjere inntaket meir rettferdig, både gjennom å sikre eit godt tilbod i distrikta, meir mangfald i byskulane, framleis valfridom og meir tryggleik for elvar som i dag er uroa for reiseveg. Inntaket skal ikkje vere reint karakterbasert. I vurderinga vil fylkeskommunen sjå til andre fylkeskommunar sine inntaksmodellar.
  3. Om det likevel vert vedteke å ta frå fylkeskommunen retten til å avgjere inntaksområde går Vestland fylkesting inn for modell 1 i framlegget frå departementet, med høve til å ha såkalla fritt skuleval innafor fastsett inntaksmodell i fylket.
  4. Kommentarar til høyringa som kjem fram i saksutgreiinga vert ikkje vedteke eller oversendt.