I dag var det budsjettet for 2020 som stod på sakslista til fylkestinget, som har møte på Quality Hotel Sogndal 17. og 18. desember.

Vedtok budsjett på nesten 15 milliardar kroner

Vestland fylkesting er samla i Sogndal og har vedteke den kanskje viktigaste saka for neste år – budsjettet for 2020. Budsjettet er på til saman 14,8 milliardar kroner.

Publisert 17.12.2019 av redaksjonen

Av dette skal 8,9 milliardar gå til drift og 4,9 milliardar til investeringar. Det vart vedteke med dei 38 stemmene til samarbeidspartia i fylkestinget, A, Sp, KrF, V, SV og MDG.

Fekk leggje fram hjartesaker

– Eg er glad for at vi no har vedteke budsjettet for Vestland, slik vi må etter kommunelova. Sjølv om budsjettet er stramt, så kan vi utvikle Vestland fylke med dette budsjettet. Vi brukte mykje tid på at dei folkevalde la fram sine hjartesaker i ein lang debatt – akkurat dette er ein siger for demokratiet. Det syner at veljarane har talspersonar for det dei ulike partia vektlegg, seier Askeland.

Askeland viser også til at sjølv med ein del ideologiske skilnadar mellom partia, så var det også stor vilje til å finne realpolitiske forlik på mange av dei såkalla verbalpunkta.

– Det lovar godt for den politiske viljen til å gje Vestland fylke kraft, avsluttar fylkesordføraren.

16,5 millionar til skulefrukost og -psykolog

Budsjettvedtaket inneber at tilbodet om skulefrukost og skulepsykolog i dei vidaregåande skulane held fram og vert utvida til å gjelde skulane i heile Vestland. Vestland vil då nytte 10 millionar kroner på skulefrukost i heile fylket i 2020, og 6,5 millionar til skulepsykolog.

For å finansiere desse tiltaka vedtok fylkestinget effektivisering innan stab og fagavdelingane.

Miljøkoordinatorar vert vidareførte

Heile fylkestinget støtta også samarbeidspartia sitt verbalforslag om å vidareføre ordningane med miljøkoordinatorar og likande tiltak på dei vidaregåande skulane i Vestland.

Fylkestinget vil i løpet av perioden be om ein mål- og strategiplan for skulane i Vestland. Dei vil sjå dette i samanheng med andre elevretta tiltak på skulemiljø, tiltak for hybelbuarar og skulepsykologordninga.

Bokbåten blir med vidare

Samarbeidspartia fremja også verbalforslag om å ta med bokbåten inn i 2020 og ber om ei sak der både pris og formalitetar blir klargjort. Dette forslaget fekk støtte av alle partia utanom Høgre

Løyvinga for bokbåten ligg til bibliotektenesta, og blir ikkje omdisponert til anna bruk før denne saka er behandla.

E-sport og meir veg for pengane

FrP fremja to verbalforslag som fekk fleirtal i fylkestinget. Det eine har tittelen «Meir veg for pengane», og går ut på at fylkestinget ber administrasjonen leggje fram ei politisk sak med strategiar for korleis Vestland skal opptre som vegeigar. Målet med arbeidet er auka fleksibilitet og meir fylkesveg for pengane. Alle dei 65 representantane i fylkestinget støtta dette forslaget.

Verbalforslaget om e-sport går ut på at fylkestinget ber fylkesrådmannen utarbeide ein e-sport-strategi for Vestland fylke. Dette vart vedteke mot to stemmer, representanten til Pensjonistpartiet og ein av representantane til Folkeaksjonen mot meir bompengar stemde mot.

Framlegg til budsjettet

Budsjettforslag frå samarbeidspartia Sp, Ap, MDG, SV, KrF og V

Forslag til verbalpunkt frå samarbeidspartia Sp, Ap, MDG, SV, KrF og V

Helhetlig budsjettforslag Høgre 2020

Budsjettforslag frå Fremskrittspartiet

Budsjettforslag Raudt Vestland 2020

Verbalforslag til budsjettet Raudt Vestland

Folkeaksjonen Nei til meir bompengar sitt budsjettframlegg for 2020

Verbalframlegg til budsjett 2020 frå Folkeaksjonen Nei til mer bompenger

Pensjonistpartiet sitt forslag til budsjett 2020