Nyheitsbrev for SVV-tilsette 10.12.2019

Hei!

No nærmar det seg årsskiftet, og vi gler oss til å komme i gang med arbeidet i ny avdeling og med nye kollegaer! Vestland fylkeskommune skildrar samfunnsoppdraget sitt slik: Vi set retning, engasjerer og samhandlar for å utvikle gode tenester og eit framtidsretta Vestland. Dette gjeld også for det viktige arbeidet i med veg og infrastruktur i fylket.
Det er mykje som skal på plass no dei siste veke, og i dette nyheitsbrevet kjem ein del praktisk informasjon til deg som skal byrje i Vestland fylkeskommune (VLFK).

Nyheitsbrevet vil kome kvar veke no framover, med nyttig informasjon og tankar om den nye vegadministrasjonen frå meg.

Ny informasjonskanal

Vi samlar no informasjon for tilsette i den nye avdelinga Infrastruktur og veg (IVA) på nettstaden til samanslåingsprosessen mellom fylka:

www.vlfk.no

Her finn du i hovudsak informasjon til tilsette frå Statens vegvesen, både praktiske meldingar, nyheitsbrev frå leiinga og svar om tilsetjingstilhøve frå personalavdelinga.

Det er fleire ulike grupper av tilsette som skal til i Vestland, med ulike behov for informasjon. Vi prøver å samle det meste her:

Mobiltelefoni

Du som ikkje er tilsett i fylkeskommunen frå før, får nytt telefonabonnement i Vestland fylkeskommune.
Ny dato for overføring til nye abonnement:

  • torsdag 9. januar kl. 09.00.

Statens vegvesen-tilsette har i dag abonnement i Telenor, Vestland fylkeskommune sin telefoniavtale er med Phonero. Dei som skal skifte til Phonero får behalde Telenor fram til overføringa. SIM-kort vil bli sendt rett til dei ulike kontorstadane. Arbeidet med å finne alle nummer som skal overførast går føre seg no.
Vi kjem tilbake med meir informasjon om dei meir praktiske sidene knytt til denne overføringa.

I Hordaland har Phonero og Telenor om lag like god dekning, med nokre unntak. I Sogn og Fjordane har Phonero til dels dårlegare dekning, og det er difor bestemt at følgjande skal ha Telenor-abonnement:

  • Alle med arbeidsplass i dagens Sogn og Fjordane som er «ute på vegen».
    • Det vil bli vurdert kven av dei som med arbeidsplass i dagens Hordaland som skal ha

Telenor-   abonnement.

Dei fleste som skal ha Telenor har det allereie i dag, og overføringa skjer utan at bruker treng å gjera noko.

Praktisk om flytting

Flyttebyrået Relokator skal hjelpe tilsette i Statens vegvesen med den praktiske flyttinga: til Sandsli i Bergen, og i Førde og på Voss. For kontorstadene Stord, Odda, Leikanger og Nordfjordeid blir flyttinga organisert lokalt.

Førde og  Voss:
Her er det bestilt flyttekassar til den 11. desember. Du får to flyttekassar og ein PC-kasse. PC-kassen er stor nok til 2 stk. skjermar opp til 24’’. Har du større skjermar, må dei pakkast i bobleplast og settast ved sida av dei andre kassene.
OBS: Kassane og ev. ekstra må vere ferdig pakka før ein tar juleferie.

Bergen:
Kassar kan hentast i dei gamle lokala til Bergen trafikkstasjon i Nygårdsporten i 1. etasje.  For dei som skal til Sandsli må alle kassene vera merka med det romnummeret du skal ha på Sandsli. Merkelappar til kassane kjem frå Relokator, og du får nærare beskjed når desse er klare. Ferdigpakka og merka kassar kan du setja frå deg i rommet der du henta flyttekassane før du tek juleferie. Alle kassene vil bli henta av Relokator måndag 30. desember.
Har du spørsmål knytt til flyttinga til Sandsli kan du kontakta Solveig Hollund.

Utlevering av PC-ar og oppstartshjelp

Som tidlegare opplyst er det no bestemt at dei tilsette på Leikanger og Sandsli vil få utlevert PC-ar og få oppstartshjelp 2. januar. Tilsette som har kontorstad på Leikanger og Sandsli og som har ein viktig beredskapsfunksjon vil få utlevert PC-ar i god tid før årsskiftet.

For alle dei andre kontorstadene vil det bli utlevering og oppstartshjelp 19. desember.  Merk at dette er ein ny dato. Du vil få meir informasjon frå næraste leiar om møtestad og tidspunkt når det nærmar seg.

Utlevering av PC-ar, oppstartshjelp og IT i Vestland

Som tidlegare opplyst er det no bestemt at dei tilsette på Leikanger og Sandsli vil få utlevert PC-ar og få oppstartshjelp 2. januar. Tilsette med kontorstad på Leikanger og Sandsli og som har ein viktig beredskapsfunksjon vil få utlevert PC-ar i god tid før årsskiftet.

For alle dei andre kontorstadane vil det bli utlevering og oppstartshjelp 19. desember.  Merk at dette er ein ny dato! Du vil få meir informasjon frå næraste leiar om møtestad og tidspunkt når det nærmar seg.

IT i Vestland fylkeskommune:

  • Korleis skal du ta i bruk brukarkontoen din i VLFK?
    Frå måndag 9. desember vil det bli sendt ut SMS’ar med informasjon om brukar i VLFK og aktivering.
    Rettleiing – aktiver brukarkonto
    Utsendinga av SMSar vil skje fram til PC-ane kjem 19. desember på alle kontorstadane utanom Sandsli og Leikanger (sjå informasjon over).
  • Kva gjer eg med heime/privatområdet?
    VLFK nyttar OneDrive som heime- eller privatområde. Når du har aktivert brukar i VLFK får du tilgong til din eigen OneDrive og kan overføre data frå heimeområdet i SVV. Veiledar for korleis kjem snart. Om du har gløymd noko, så blir det laga ein rutine på korleis filar kan bli sendt frå SVV.
  • E-post
    IT i SVV vil gjere om eposten din til ein «.pst»-fil. Fila vert overført til VLFK og du finn den igjen på din eigen OneDrive.
  • Avdelingsområde – O:
    Områder på O: vil bli overført til VLFK.
  • Prosjektområde – P:
    Områder på P: (prof-områda) som gjeld FV prosjekt i Hordaland og i Sogn og fjordane vil bli overført, samt andre  nødvendige/ønska områder frå O.
  • Vegbilde:
    VLFK vil få kopi av alle sladda vegbildar for Hordaland og Sogn og Fjordane.

Første arbeidsdag

Det blir eit eige program for alle tilsette dei to fyrste dagane 2. og 3. januar!

Programmet og meir informasjon kjem så snart det er klart.

  1. januar:
  • Med unntak av Sandsli møter alle på den lokale kontorstaden sin 2. januar. Der vil dei bli møtt av ein representant frå leiargruppa i IVA som vil ønskje dei velkomen. Hovudfokus den 2. er å bli kjent og få praktisk informasjon for å kome i gang dei fyrste dagane.
  • Dei som skal ha kontorstad på Sandsli skal samlast på hotell Scandic Ørnen, etter at dei har fått utdelt PC-ar i Wigandgården. Årsaka til dette er at vi ikkje slepp inn på Sandsli før 6. januar.
  1. januar:
  • Tilsette som skal ha arbeidsstad på Sandsli møter i det store auditoriet på Amalie Skram vidaregåande skule. Deler av programmet her i frå blir gjort tilgjengeleg for alle tilsette i IVA, og vert også lagt ut som opptak på intranettet. Her vil Vestland fylkeskommune blir presentert for alle på IVA, og du vil få anna relevant informasjon.

Utlevering av PC-ar, oppstartshjelp og info om IT i Vestland

Som tidlegare opplyst er det no bestemt at dei tilsette på Leikanger og Sandsli vil få utlevert PC-ar og oppstartshjelp den 2. januar. Dei som har kontorstad på Leikanger og Sandsli og har ein viktig beredskapsfunksjon vil få utlevert PC-ar i god tid før årsskiftet.

For alle dei andre kontorstadene vil det bli utlevering og oppstartshjelp den 19. desember.  Merk at dette er ein ny dato. Du vil få meir informasjon frå næraste leiar om møtestad og tidspunkt når det nærmar seg.

Her kjem informasjon om IT i Vestland fylkeskommune (VLFK):

Korleis skal du ta i bruk din konto i VLFK

Frå måndag 09.12.19 vil det bli sendt ut SMS’ar med informasjon om brukar i VLFK og aktivering. Rettleiing – aktiver brukarkonto Denne utsendinga vil pågå fram til PC-ar 19. desember. Den 19. desember vil det som nemnd tidlegare bli utlevering av PC-ar på alle kontorstadane utanom Sandsli og Leikanger.

Kva gjer eg med heime/privatområdet

VLFK nyttar OneDrive som heime- eller privatområde. Når du har aktivert brukar i VLFK får du tilgong til di eiga OneDrive og kan overføre data ifrå heimeområdet i SVV. Veileder for korleis kjem her. Om du har gløymd noko, så blir det laga ein rutine på korleis filar kan bli sendt frå SVV.

E-post

IT i SVV vil gjere om eposten din til ein .pst fil. Fila vert overført til VLFK og du finn den igjen på di eiga OneDrive.

Avdelingsområde – O:

Områder på O: vil bli overført til VLFK.

Prosjektområde – P:

Områder på P: (prof-områda) som gjeld FV prosjekt i Hordaland og i Sogn og fjordane vil bli overført, samt andre  nødvendige/ønska områder frå O

Vegbildar

VLFK vil få kopi av alle sladda vegbildar for Hordaland og Sogn og fjordane.

Lukke til!

Dina Lefdal

Nyheitsbrev

Nyheitsbrev 10.12.2019

Nyheitsbrev 17.12.2019