Nyheitsbrev for SVV-tilsette 17.12.2019

Omstilling og flyttetid

Gode framtidige medarbeidarar. Det er travle tider no for alle oss som skal skifte jobb. Det er mykje informasjon som blir sendt ut, om alt frå flyttekassar til overføring av feriedagar, frå kontorplassar til mobilar. Vi prøver å samle alt på nettsida vlfk.no. Om du ikkje finn det du treng, kontakt næraste leiar. Mykje av tida mi går enno med til tilsetjingar og avklaringar av stort og smått som skal på plass, men eg er viss på at vi kjem i mål til ein god start i 2020.

Vi ynskjer velkomen til oppstartsdagar med eige program for alle 2. og 3. januar. Då er vi ei ny avdeling med kompetente medarbeidarar som skal halde fram med å utvikle og drifte fylkesvegane på best mogleg måte, med stor respekt for arbeidet som er gjort tidlegare. Eg ser fram til samarbeid med nye og gamle kollegaer, og vonar omstillinga går greitt for alle!

Utlevering av PC-ar og oppstartshjelp – 19. desember

Alle med kontorstadar utanom Leikanger og Sandsli:
Her blir det oppstartshjelp og utdeling av PC-ar 19. desember.

Dei med kontorstadar på Leikanger og Sandsli:
Utdeling av PC-ar og oppstartshjelp desse stadane blir 2. januar.

Tilsette med kontorstad på Leikanger og Sandsli og som har ein viktig beredskapsfunksjon:
Desse vil få utlevert PC-ar 19. desember.

PC-ane vil bli utdelt på vidaregåande skular i nærleiken. Meir informasjon om det praktiske knytt til utlevering av PC-ar.. På dei kontorstadene det er oppgitt fleire puljer må man lokalt fordeler og organisere seg på dei tidspunkta som er oppgitt.

Oppstart 2. og 3. januar

Alle i avdeling for infrastruktur og veg (INV) er invitert til oppstartsamling 2. og 3. januar.
Her skal vi møte andre tilsette og bli kjende med kvarandre og den nye avdelinga vår. Vi får også vite meir om kva samfunnsoppdraget til Vestland fylkeskommune er, og kva dette har å seie for oss i vårt arbeid. Det blir også meir praktisk informasjon om oppstarten i ny jobb.

Om du ikkje kan vere med 2 og 3 januar er det fint om gir tilbakemelding til næraste leiar.

Aktivering av brukarkontoen din i Vestland fylkeskommune

Mange har allereie fått tilsendt SMS  med informasjon om brukar i VLFK og aktivering, slik at du kan logge deg på Vestland fylkeskommune. Utsending av SMS-ar vil skje utover ettermiddagen og kvelden i dag tysdag 17. desember.

Om du ikkje mottar SMS om innlogging til VLFK i løpet av dagen i dag , ta kontakt med Inge Edvardsen på e-post: inge.edvardsen@hfk.no eller Siren Omdahl på e post: Siren.L.Omdahl@vlfk.no

NB! Dei som ikkje har fått opppgitt epostadresse, men kun brukarnamn vil få sms med påloggingsinformasjon.

Det vil sendt ut ei oppdatert liste med epostadresser i løpet av morgondagen. Denne lista vil og bli lagt ut her på vlfk.no.

Ny informasjonskanal

Som meldt i sist nyheitsbrev, så samlar vi informasjon for tilsette i den nye avdelinga Infrastruktur og veg her på denne nettstaden, under:  Informasjon for tilsette frå Statens vegvesen og Nyheitsbrev for tilsette frå Statens Vegvesen.

Her finn du i hovudsak informasjon til tilsette frå Statens vegvesen, både praktiske meldingar, nyheitsbrev frå leiinga og svar om tilsetjingstilhøve frå personalavdelinga.

Det er fleire ulike grupper av tilsette som skal ta til i Vestland, med ulike behov for informasjon. Vi prøver å samle det meste her.

Mobiltelefoni

Du som ikkje er tilsett i fylkeskommunen frå før, får nytt telefonabonnement i Vestland fylkeskommune.

Ny dato for overføring til nye abonnement:

  • torsdag 9. januar kl. 09.00.

Statens vegvesen-tilsette har i dag abonnement i Telenor, Vestland fylkeskommune sin telefoniavtale er med Phonero. Dei som skal skifte til Phonero får behalde Telenor fram til overføringa. Nye SIM-kort vil bli sendt rett til dei ulike kontorstadane. Vi kjem tilbake med meir informasjon om dei meir praktiske sidene knytt til denne overføringa tidleg på nyåret.

Lukke til!

Dina Lefdal

Nyheitsbrev

Nyheitsbrev 10.12.2019

Nyheitsbrev 17.12.2019