Fylkestinget opna dag to av møtet i Sogndal med å behandle og diskutere fem interpellasjonar frå representantane.

Fem interpellasjonar frå dei folkevalde

Dag to av fylkestinget starta med interpellasjonar om konverteringsterapi, berekraftig mat, mineral, tog og Vestland.

Publisert 18.12.2019 av redaksjonen

Ein interpellasjon er ein førespurnad, som medlemar i fylkestinget stiller til fylkesordføraren. Fylkesordføraren svarer på interpellasjonen, og det er så sett av ti minutt til å debattere kvar av dei.

Ikkje konverteringsterapi på skulane

Marianne Sæhle i SV opna med ein interpellasjon om konverteringsterapi. Ho ønskte svar på om fylkesordføraren veit om det føregår konverteringsterapi i, eller i tilknyting til, dei vidaregåande skulane i fylket. Om fylkesordføraren ikkje veit, lurte Sæhle på om han vil setje i gang undersøking for å avklare spørsmålet.

Fleire av representantane i fylkestinget gjekk på talarstolen og støtta interpellasjonen frå Sæhle.

– Fylkesordføraren har ikkje kjennskap til at det går føre seg konverteringsterapi i, eller i tilknyting til, dei offentlege vidaregåande skulane i fylket. Eg ser ikkje at det er lagt fram informasjon som medfører at det er grunnlag for å gå ut med konkrete undersøkingar rundt spørsmålet, sa fylkesordførar Jon Askeland.

Etter debatten råda han hovudutval for opplæring og kompetanse til å jobbe kontinuerleg med spørsmålet og sjå til at alle elevar får rettane sine tekne i vare.

Her kan du lese interpellasjonen til Marianne Sæhle, SV, slik han var sett fram skriftleg og svaret frå fylkesordføraren.

Føreslo vedtak om berekraftig mat

Neste interpellant på lista var Mark Taylor i MDG. Han ville ha svar på korleis fylkesordføraren vil bruke matserveringa som skjer i fylkeskommunal regi til å fremje eit kosthald i tråd med tilrådingane frå helsestyresmaktene. Han ville også ha fylkestinget med seg på å gjere eit vedtak om maten som blir servert i fylkeskommunal regi.

Fleire av representantane roste MDG for initiativet, og meinte dette er eit viktig tema. Eit fleirtal i fylkestinget vedtok dei to forslaga til vedtak frå MDG.

I svaret sitt la fylkesordføraren vekt på at både Sogn og Fjordane og Hordaland fylkeskommunar har arbeidd med tematikken berekraftig mat på ulike måtar. Han meiner såleis det er naturleg at dette arbeidet held fram i Vestland.

– Vi bør i eigen organisasjon bidra til å løfte Vestland som matfylke, og at vi i størst mogleg grad kjøper og serverer lokal- og kortreist mat. Kosthaldsråd må følgje nasjonale retningslinjer, og difor rår eg til at saka vert drøfta i administrasjonsutvalet, sa Askeland.

Her kan du lese interpellasjonen til Mark Taylor, MDG, slik han vart sett fram skriftleg og svaret frå fylkesordføraren.

Vil samle heile Vestlandet i Vestland

Tidlegare fylkesordførar i Hordaland, Anne Gine Hestetun, hadde også sendt interpellasjon til fylkestinget. Ho lurte på om fylkesordføraren er einig i at Rogaland fylkeskommune bør bli del av Vestland, og om fylkesordføraren vil ta initiativ til samtalar med Rogaland.

Fylkesordføraren slo fast at Vestland fylkeskommune skal sitje i førarsetet for utviklinga av heile Vestlandet som nasjonalt tyngdepunkt og utvikling av ein attraktiv landsdel. Samstundes la han til at fylkesordføraren i Rogaland er tydeleg på at dei ikkje er klar for ein ny runde med samanslåing, og at det må respekterast.

Fleire fylkestingsrepresentantar gjekk på talarstolen, og tok til orde for at vi må respektere Rogaland sitt nei. Raudt slo også fast at dei vil jobbe for oppløysing av Vestland fylkeskommune. Interpellanten var likevel nøgd, sjølv om forslaget hennar ikkje vart stemt over.

– Eg er kjempenøgd med å ha fått sett dette på dagsorden. Det er heilt greitt at vi er ueinige, det må vi tåle. Eg er ved godt mot, debatten er reist, og vi skal styrke muskelen Vestland, sa Hestetun.

Her kan du lese heile interpellasjonen til Anne Gine Hestetun, Ap, slik han var sett fram skriftleg og svaret frå fylkesordføraren.

Sette mineralnæringa og -råd på dagsorden

Åsmund Berthelsen i SV stod for den neste interpellasjonen, som gjaldt mineralnæringa og fylkeskommunal deltaking i eit nytt mineralråd. Sogn og Fjordane fylkeskommune har vedteke at fylkeskommunen er positiv til å delta for eit mineralråd for fylket.

Berthelsen ville vite om Vestland fylkeskommune vil handsame spørsmålet om slik deltaking, å finansiere det og følgje det opp vidare. Han ville også vite om Vestland fylkesting får høve til å gje uttale om planane for mineralutvinning i Engebøfjellet i Vevring i Naustdal.

Fylkesordføraren sa at mineralrådet er eit lokalt initiativ frå kommunane som blir berørte av planane om mineralutvinning i Engebøfjellet. Han er positiv til at det bør greiast ut nærare om mineralrådet er ein er god modell for resten av Vestland. Når det gjeld høve til uttale frå Vestland, ligg det ikkje til rette for dette, då fristen for å gje fråsegn til søknad om driftskonsesjon gjekk ut 15. september.

Han la til at han ønskjer ei sak frå administrasjonen om temaet, og at administrasjonen kan fremje dette på nyåret.

Her kan du lese heile interpellasjonen til Åsmund Berthelsen, SV, slik han var sett fram skriftleg og svaret frå fylkesordføraren.

Tog, anbod og konkurranseutsetjing

Jeanette Syversen i Raudt fremja interpellasjonen «Sats på Bergensbanen og Vossabanen!». Ho ville ha fylkestinget med seg på eit vedtak om ei storstilt opprusting av dei to togstrekningane, og om at alle dei 200 millionane Vy betalar staten for å køyre strekningane, må nyttast for å styrke togtilbodet der. Syversen la også vekt på at det mest positive med at Vy driftar Bergens- og Vossabanen, er at det er eit norsk statleg selskap som vann konkurransen.

Debatten om interpellasjonen handla om både konkurranseutsetjing, togtilbod, jarnbanereform og sosial dumping. Fleire tok til orde for at dette høyrer heime i saka som kjem når fylkestinget skal gje innspel til ny nasjonal transportplan.

Fylkesordføraren støtta interpellanten i gleda over at Vy vann konkurransen om anbodet på dei to togstrekningane. Han meinte derimot at det er vanskeleg å øyremerke bruken av dei 200 millionane staten får.

Her kan du lese heile interpellasjonen til Jeanette Syversen, Raudt, slik han var sett fram skriftleg og svaret frå fylkesordføraren.