Hurtigbåtane på lokalbåtruter og ekspressbåtruter skal erstattast med hurtigbåtar med nullutsleppsteknologi.

5,2 millionar kroner til arbeidet med klimavenlege hurtigbåtar

Vestland fylkeskommune får 5,2 millionar kroner frå klimasatsmidlane til Miljødirektoratet til arbeidet med anbodet som skal sikre nye hurtigbåtar med nullutsleppsteknologi.

Publisert 17.12.2019 av redaksjonen

– Dette er først og fremst eit flott startskot for klimaarbeidet i Vestland fylkeskommune. Den fabelaktige nyheita kjem få veker etter at vi vedtok verdas mest ambisiøse nullutslepps hurtigbåtanbod. Slike store satsingar treng kontinuerleg merksemd. Her viser Miljødirektoratet at dei ser store moglegheiter og samtidig behova Vestland har for å prosjektere, planlegge og gjennomføre anbodet, seier fylkesvaraordførar Natalia Golis.

Det skal gjennomførast ny konkurranse på hurtigbåt frå 2022, på lokalbåtruter i Flora, Bremanger, Vågsøy, Høyanger, Vik, Gulen og Solund og ekspressbåtruta mellom Sogn og Fjordane og Bergen.

Skal redusere dieselforbruket med 8 000 000 liter diesel

Vestland fylkesutval har vedteke at det skal nyttast nullutsleppsteknologi på rutene frå 2022 og seinast 2024, noko som er i tråd med tidlegare vedtak av fylkestinget i Sogn og Fjordane. Det vil redusere dieselforbruket får båtrutene frå om lag 8 700 000 liter diesel i dag til 700 000 liter diesel.

Det fører igjen til at CO2-utsleppa frå den fylkeskommunale verksemda blir reduserte med om lag 20 000 tonn per år, noko som er eit viktig steg på vegen til nullutslepp.

– Vi i Vestland har gjort ei modig satsing der vi legg til rette for ei grøn satsing med ein enorm kinderegg-effekt. Satsinga på snøggbåt sikrar ikkje berre store, raske utsleppskutt og effektiv kollektivtrafikk i regionen. Satsinga og klimasatsmidlane vil òg gje fleire arbeidsplassar i distriktet og  løfte fram ein verdsleiande teknologi, seier fylkesvaraordføraren.

Stort arbeid for å lukkast

Det må gjerast eit stort og viktig arbeid for å få på plass hurtigbåtar med nullutsleppsteknologi. Dei 5,2 millionar kronene frå klimasatsmidlane skal gå til arbeidet med å førebu, gjennomføre og implementere nullutsleppsanbodet.

Pengane skal etter planen gå til desse tiltaka:

  • tilsetjing av prosjektleiar i 100 prosent stilling i to år
  • styrking av administrasjonen i perioden fram til 30.04.2022
  • gjennomføring av omfattande marknadsdialog
  • utarbeiding av konkurransegrunnlag
  • gjennomføring av anbodskonkurranse med forhandlingar og tildeling, samt implementering av kontrakt
  • konsulentarbeid: synleggjere miljøutfordringane
  • delta i Trøndelag fylkeskommune sitt utviklingsprosjekt «Fremtidens hurtigbåt»

Vestland fylkeskommune får også 600 000 kr frå klimasatsmidlane til eit forprosjekt som skal avklare korleis ein kan sikre gode kai- og ladeløysningar for bybåtsambanda innanfor gjeldande areal- og kostnadsrammer.